Striladrakten

Laga med kjærleik

Om oss

Vi held til på Kårtveit kai på Sotra, ytterst på øya der havet møter land og tradisjonane står sterkt. Her designar og syr vi Striladrakten, ei festdrakt med røter i kystens historie og kulturarv.

Kvar drakt blir sydd etter mål og tilpassa den som skal bera henne. Vi legg stor vekt på ekte handverk, kvalitet og respekt for dei gamle skikkane.

Striladrakten er ikkje ei moderne tolking, men ei vidareføring av det kystfolket faktisk gjekk med i gamle dagar – eit stykke levande kulturarv som framleis blir skapt her på kaien.

Følg oss på Facebook